søndag 3. april 2011

paris - dag tre

Då eg pakka kofferten min om morgonen var den plutseleg ikkje så full likevel, så eg sjekka ut av hotellet med eit smil om munnen og håp om å finne noko kjekt å bruke opp euroane mine på. Med kofferten på slep tok eg metro til ein stopp i nærleiken av Jardin Luxembourg og gjekk ein lang tur i den nydelege parken.
Eg handla bittelitt fine saker og ei øskje med makronar på eit koseleg konditori. 
Eg skreiv postkort medan eg sat med vind i håret og åt min aller første makron nokon gong, midt i Paris.
Og eg var sliten og glad for at eg turde å reise åleine til Paris, og heldigvis visste eg ikkje kor forferdeleg turen heim skulle bli. Hadde eg visst det, så hadde eg nok berre blitt verande i den vakraste byen. 


2 kommentarer:

  1. Du var ikke innom noen Second Hand/Vintage butikker? Er jo noen ganske fantastiske slike i Paris :)

    SvarSlett
  2. Hilde:
    Eg fekk rett og slett ikkje tid til det. Snubla innom eit par der eg gjekk, men så hadde eg ikkje bagasjeplass, så det vart mest vindaugsshopping...

    Skal kanskje reise ein tur med mamma og mormor om ikkje så lenge, då. Og då blir stoff og vintage sjølve føremålet med turen;)

    SvarSlett

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.