mandag 23. mai 2011

pas encore vu

Ein gong iblant kan eg vere i gong med å gjere noko, eller på veg til å gjere noko, og så går det plutseleg opp for meg at eg aldri har gjort akkurat den tingen før. At eg gjer akkurat dette for aller fyrste gong i heile det (nesten) 21 år lange livet mitt akkurat her og no. 

Som regel er den tanken flyktig. Litt som kjensla av déjà vu forsvinn tanken like brått som den kom, og så har eg gjerne gløymt heile situasjonen nokre minutt etterpå. 

Men i dag fekk eg fanga tanken og teke vare på den. Og så tenkte eg mykje på det heile dagen.

Aller først sto eg og grov potetåker. Ikkje det at det er noko spesielt spesielt med akkurat det, og veldig mange har vel vore med på å setje eller plukke poteter i ein eller annan skala ein eller annan gong, men medan eg sto der og grafsa i jorda gjekk det opp for meg at eg aldri før har vore med på å "starte" ein åker. Javisst, eg har rota litt i jorda og sett potetene og plukka dei seinare, men eg har aldri før forvandla ei attgrodd skråning eller mark til ein fin og flott potetåker. Stått der og jobba med trælete nevar og sol og regn om kvarandre i andletet, heilt til armane kjendest som slappe fiskebollar. Det gjekk opp for meg at det faktisk var ganske fint, når alt kom til alt. 

Seinare ville tilfeldigheitene ha det til at eg skulle grave ei grav. Før eg visste ordet av det var eg i full gong med å grave grava til ei søye som diverre ikkje fekk leve gjennom sommaren, og medan eg sleit meg nedover i fuktig og tung jord fann eg ut at eg aldri før har grave ei grav til noko større enn ein katt. Eg har ikkje eingong prøvd å grave eit hol som er stort nok til at noko større enn ein katt kan passe nedi. Og så sto eg der plutseleg i ei sjølvgrava grav, og det einaste som sto i hovudet på meg var det gamle ordtaket den som grev ei grav for andre, fell sjølv i den og eg håpte veldig på at det ikkje stemte. 

Det kan ha vore unnataket som bekrefta regelen, men akkurat i dag var det i alle fall berre sauen som havna i grava eg grov. Og godt var det, for for min del sto det meir graving på programmet. For aller første gong har eg dyrka jordbærplantar heilt frå dei var frø, og i dag fekk dei flytte frå gamle tekanner til gamle ammunisjonskasser. Eg håparhåparhåpar at dei likar seg der og veks seg store og fine, for eg har aldri gjort dette før og anar eigentleg ikkje korleis.

Alt det nye som eg har gjort for aller fyrste gong har i dag handla om jord. Og graving. Og eg kan ikkje la vere å tenkje på om kvar dag er like ny som denne. Fins det eigentleg dagar der eg ikkje gjer noko som helst for fyrste gong i livet? Uansett kor smått det er, eller kor ubetydeleg det kjennest, så kan det kanskje vere noko å hugse på. At livet går framover, og at vi gjer nye ting sjølv om vi ikkje lenger er to år og lærer å bruke potte. Eg skal prøve å hugse dette meir framover og til og med fokusere på å gjere heilt nye småting og storting. Det som kan vere heilt daglegdags for andre kan jo vere flunkande nytt for deg og meg, og det synest eg at vi kan glede oss over. 

For det er jo fint, er det ikkje?

1 kommentar:

  1. Hmm. Der ga du meg noe å tenke på. Dette er jo spennende! Og hvis man tenker mer på ting som dette, så blir jo småting mer betyningsfulle også.

    SvarSlett

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.