torsdag 9. juni 2011

babe. heldiggrisen, veit du

Ei superheldig jente fekk i dag trille tur med verdas skjønnaste Annika. Heldigvis var det nettopp eg som var denne superheldige jenta, og medan Annika og eg trilla oss av garde forbi duggvåte blomar, feite meitemarkar og sjarmerande gamlehus, sat Annika-mammaen Toril heime og laga fine dåpsinvitasjonar. Annika sovna på ein blunk (sikkert for å sleppe å høyre på mi meiningslause nynning av songar som ikkje finst), så for Toril og meg vart det sladretid og sjokolade heilt til Annika skulle badast. Og heldige meg fekk ordne den biffen òg.

Dei siste to dagane har eg dessutan vore på jobb. Eg greidde å stresse meg sjølv opp ganske mykje i og med at eg skulle få heilt nye arbeidsoppgåver i går, men det gjekk lett som ein plett! Mykje takka vere dei flotte kollegaene som eg har på fabrikken. Godt humør, spøk og latter og rom for å spørje om ting gjer at det er lett å trivast. Det har eg ikkje opplevt alle andre stader, så sånn sett er eg jo heldig med det. 

Dessutan var sommarvêret innom på ein snarvisitt i går igjen. Vi sto lettkledde ute og stabla ved til klokka var nærare elleve, medan Balder var ein nydeleg propell som sprang opp og ned bakkane i det høge graset. 
Det kjekkaste han veit er å springe nedover så fort at han berre akkurat greier å stoppe utan å gå på trynet.

No som natta straks er her og ein herleg ein nettopp har servert meg ein kopp med rykande varm kakao kjenner eg at eg absolutt er heldig. Eg må berre bli flinkare til å hugse på det. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.