fredag 10. juni 2011

glimt frå barndomen - 3

Sommaren 1995 fekk min kjære onkel Thore si Reidunn. Tante Reidunn sto vakker krunebrur og kyrkja var full av bunadkledde gjestar. Kristian-bror og eg, som på den tida var tre og fem år gamle, fekk vere stolt bruresvein og brurepike. 

Eg hugsar utruleg godt korleis det var å få ta på seg den nydelege mormorsydde brurepikekjolen medan mamma forklarte oss at det var viktig at vi sat fint i kyrkjetrappa under vigsla - det betydde nemleg ulukke dersom bruresveinane og -pikene såg på brureparet medan presten prata. Difor måtte vi sitje pent og pynteleg med ryggen mot alteret og ikkje prate eller tulle. 

I byrjinga av seremonien gjekk alt etter planen. Men så, til mi store forskrekking og gru, gadd ikkje Kristian å sitje fint meir. Han byrja først å makke seg nedover trappa medan eg gjorde mitt beste for å oversjå at han var så dårlig til å oppføre seg. Sjølv skulle eg jo klare å vere eit prakteksempel!

Det var jo berre eit spørsmål om tid før Kristian fann ut at han ville sjå kva som eigentleg føregjekk framme ved alteret. Eg prøva forgjeves å hinte til han om at han ikkje måtte snu seg, men ein treåring er ikkje lett å irettesetje utan å skape bråk, så eg måtte berre gje meg. Eg sat med klump i halsen, redd for at onkel Thore og tante Reidunn ikkje skulle få gifte seg likevel. Dumme, dumme bror min!

Heldigvis vart dei jo sjølvsagt godt gifte og festen varte heile natta med markblomar og bål i fjæra. Magisk. 

1 kommentar:

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.