fredag 3. juni 2011

glimt frå barndomen - 2

Eg har nok alltid vore både sta og sjølvstendig. På heimefilmar frå barneselskap snakkar eg alltid høgt og tydeleg og er oppteken av å få merksemd. Eg fortel om at eg kom først inn i bilen, at eg vil ha kake først, at eg kan blåse ut lysa og så vidare.

Men sjølv om ein er flink til å fokusere på alt ein er flink til, så har eg absolutt fått erfare at det kan lønne seg å ta imot hjelp av og til òg. Eitt resultat har vi her:
Flinke-Sol på snart fem år hadde lært seg å bære sekken på berre den eine skuldera. Då eg kom i barnehagen var eg sjølvsagt snar med å vise fram nye kunstar, og då barnehagetantene spurde om dei ikkje skulle hjelpe meg med sekken opp trappa, svara eg kjekt og freidig at "neida, det går heilt fint, det!". 

Eg hugsar det godt enno, for eg var ikkje komen lenger enn tre trinn opp før eg trakka på ei reim frå sekken. Før eg fekk strekt ut hendene framfor meg hadde ansiktet kræsja med neste trappetrinn og det var blod over alt. 

Etter det hugsar eg ikkje meir før eg sat på legevakta med lovnader om tyggis viss eg greidde å ikkje grine medan legen stakk bedøvelsessprøyta. Eg beit tennene saman, og kunne seinare returnere til barnehagen med ein heilt eigen tyggispakke og tøff lapp over auget. Det var litt kjekt at alle dei andre var så spente på korleis det hadde gått, men fullt så artig var det ikkje at femårsdagen måtte feirast med stort plaster i andletet. 
Krølla hår og gullkrune gjorde likevel susen. 

Både før og etter den episoden har eg opplevd å gå skikkeleg på trynet, på fleire måtar. 
Eg kryssar fingrane for at eg har lært eitkvart kvar gong.

1 kommentar:

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.