onsdag 1. juni 2011

juni

Den fyrste sommardagen starta med lovande solstrålar som varma eit trøytt morgonfjes. Diverre slapp vi heller ikkje i dag unna dei tunge regndropane.

Men, i dag er det juni. Juni er heilt klart favorittmånaden min. Månaden for feriestart, sommarvêr (håpar eg), sankthans og blomar i fleng. Og ikkje minst: bursdagen min!

Om ganske nøyaktig to veker fyller eg 21 år. Storfeiring blir det ikkje, men eg er nøgd om eg får tilbringe dagen med eit par gode vener, god mat og gjerne ein dose solskin. Og så vil eg heller ikkje bli sint om eg får noko av dette:

Ei saumbyste. Fargen er eg likegyldig til, men det vil jo vere ein fordel om ho kan stillast ned til min storleik. Dei fleste skjønar at det ikkje er spesielt optimalt å skulle prøve og justere syprosjekt på seg sjølv, og eg innbiller meg at ei slik byste vil gje meg eit spark bak når det gjeld ein del av prosjekta mine. 
Ei vaskeekte femtitalsbadedrakt. Eg har sagt det før, og eg seier det igjen. Berre sånn at ingen gløymer det. Bildet talar for seg sjølv. Eg bryr meg ikkje eit sekund om at dei ikkje er spesielt eigna til bading. Kan eg sjå sånn ut, er eg fornøgd heilt av meg sjølv. 
Trådlaus fjernkontroll til kameraet mitt. Hadde gjort det mykje enklare å lage fleire teite einmanns-fotoshoots. 
Ein perfekt underbar sommarkjole. Noko i same gate som desse, som eg fann på The Sew Weekly. Ah.
Ein gammal finlampe som liknar på blomar. Slik som Hallonsemla sin, omtrent. 

Men viktigast av alt: gje meg ein klem! Bursdagar treng klemmar. I alle fall mine bursdagar, for klemmar er fantastiske faktisk. Og så kake. Og ein ballong eller to. Og blomar. Blomar er bra på ein bursdag. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.