lørdag 30. juli 2011

det som er nytt

Djupaste medkjensle med dei som har mista nære og kjære i samband med tragedien 22.juli.
(lisapinup.wordpress.com)

I veka som har gått har eg endeleg vore frisk att. Frisk nok til å jobbe, til å ete, til å dusje og å vaske opp og støvsuge. Eg har vore i stand til å gjere heilt daglegdagse ting heile denne veka, og det har vore fantastisk deilig. 

Dessutan har eg
vore på blåbærtur med Mattias,
kosa masse med Balder og Thomas,
plukka markblomar (og blitt plukka markblomar til). Det er så innmari fint, det, for det er umogleg å lage ein stygg bukett. Dessutan dukkar det stadig opp markjordbær her og der som ein kan ete innimellom. Så kan ein finne fram ein koseleg farmorvase som er akkurat passe stor, og då blir det beste sommarpynten ein kan ha. 

Men det som er aller størst og heilt plunkande flunkande nytt akkurat no er at eg har kome inn på veterinærstudiet i Oslo! I nesten seks år framover skal eg ta ei utdanning som eg trur og håpar at eg kjem til å trivast godt med. 

Det gjer direkte vondt å tenke på at eg no skal flytte vekk frå Thomas og Balder og Sandra og dei andre som eg er glad i her heime, men ein må jo berre satse litt av og til!

1 kommentar:

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.