mandag 8. august 2011

å føle seg fin

Fordi eg er lei av at ein blir framstilt som ein amøbe viss ein ikkje er så viktig på det med kvardagssminke. 

Sminkefri dag er stort sett kvar dag. Hestehalen held styr på ville hårlokkar, og det er stort sett greiast å gå i arbeidskle eller joggebukse sidan eg likevel alltid endar med å gå rundt i skogen eller leike med hunden, eller gjere anna fysisk arbeid der utsjånaden er heilt uvesentleg. 

Eg høyrer om jenter som ikkje kan forlate huset utan at foundation, rouge, mascara, eyeliner og lipgloss er på plass, og Gud forby at eit augebrynshår skal liggje feil veg! Dagen startar med ein time på badet for at fasaden skal vere prikkfri, og før natta tek til må det heile vaskast vekk att. Skal ein ikkje kunne føle seg vel før ein har fiksa alt som kan tenkjast å ikkje sjå fantastisk ut (etter media sine definisjonar) frå naturen si side?

Det er ikkje det at eg ikkje ser poenget med sminke i det heile. Eg ser jo sjølv at eg kan framheve eller gøyme ulike trekk i andletet, på den måten ulike klesplagg kan gjere det same på kroppen. Men for meg er dette noko for spesielle høve. Når ein vil gjere noko ekstra, slik ein tek på seg bunaden på syttande mai og føler at det er skikkeleg bra og spesielt. Slik føler eg det når eg sminkar meg, og eg likar at det er på den måten. Eg føler at det er noko litt ekstra, og folk rundt meg legg merke til det (og tør å gje skryt) når eg for ein gongs skuld har sminka meg. Det trur eg ikkje ein opplever når ein aldri går ut av huset utan maska på. 

Eg går ut ifrå at det er mange som meiner at det er viktigare å bruke litt ekstra tid på badet slik at ein kan sjå FLOTT ut kvar einaste dag, enn det er å kunne imponere ved spesielle høve. Det kan eg forstå. 

Men eg synest eg er flott uansett, eg. Du må gjerne sjå på meg på ein vanleg måndag og tenkje at eg ser ustelt ut der eg vasar rundt på Mega i noko som minner om ei pysjbukse og med uregjerlege hårtjafsar viftande framfor augevippane som ikkje har sett mascarakosten på minst ein månad. Det er ikkje slikt som er viktig for meg. 

Det viktige for meg er å vere frisk. Frisk nok til å kunne stå opp kvar morgon. Å kunne jobbe, studere, vere sosial, leike med Balder, ete, kose og rett og slett gjere det eg kan og det som trengs for at omgjevnadene mine skal ha det bra. Dei som har opplevd periodar som manglar dette, veit at ein må setje pris på det ein har. 

Difor vel eg vekk sminketimen om morgonen. Sminketimen min får heller gå med til å sove litt ekstra, kose litt og ete ein roleg frukost. Det er det som får meg til å føle meg kvardagsfin. Allverdas augeskuggar kan ikkje erstatte morgonteen min. Så får eg berre sjå ut slik eg gjer. Eg er like rein, like smart og minst like oppvakt som du føler deg når du har brukt mykje av både tid og pengar på å lage deg til.


1 kommentar:

  1. Aw, nå ble jeg mer tryggere på meg sjøl uten sminke, bare ved å lese dette. Jeg har mange sminkefrie dager jeg også, og går på butikken osv oftest uten sminke. Men det er rart hvordan man føler seg naken uten, når man først er i gang med å bruke det ofte. Jeg har perioder med null sminke, og perioder med normalt/masse sminke. Trives like godt med begge deler, akkurat som at jeg godtar mer og mer at jeg har noen depressive perioder, og noen gode perioder. Før kunne jeg hate meg selv for førstnevnte, men nå skjønner jeg liksom at ting kommer og går :-) Okei, dette handlet jo om sminke. Men ja, må også få sagt at du er nydelig uten sminke, og du ser voksen ut. Jeg ser ut som en 12åring uten (selvom jeg får meg til å se voksnere ut på bilder) hehe. Men så er det daaa jeg skal tenke "HVA SÅ om jeg ser ut som en 12åring, jeg er meg". Trener på det!

    SvarSlett

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.