lørdag 24. september 2011

galaxy-strømpe

Det er enkeltpenkelt å lage ein strømpe som beskyttar pcen, tableten, mobilen eller kvasomhelst (nesten) mot riper. Eg ville få det gjort så kjapt som mogleg, og viss du òg vil det kan du gjere sånn her:  

Start med å finne eit garn du likar og passeleg tjukke pinnar. Kva som er passeleg kjem heilt an på kor tett, stramt og tjukt du vil ha det, men eg valde Triplex-garn frå Sandnes (det lagar dei diverre ikkje lenger, men det er ganske sånn standard ullgarn som ein gjerne kan strikke sokkar og gensarar av) og pinnestorleik 4. Det gjekk med om lag eitt nyste, så restegarn er igrunn supert om du vil ha litt striper og sånt.
Legg opp så mange masker at det akkurat passar til breidda på det du skal strikke til. Eg ville helst ha strømpa litt trong, og då vart det 37 masker. Det er lurt å starte og avslutte med nokre cm vrangbord for at ting ikkje skal rulle seg i opningane når du er ferdig.

Så er det berre å strikke i veg fram og tilbake til du har fått ei lang remse som er omlag dobbelt så lang som det du vil beskytte, pluss kanskje fem cm ekstra for at ting ikkje skal skli ut utan vidare. Remsa krøllar seg gjerne i sidene viss du strikkar glattstrikk, og då blir det sånn her:

Ein sånn rull er kjip å jobbe med, og då er trikset å bruke eit dampstrykejarn på låg varme. Eller, som eg valde, å feste arbeidet flatt med mange knappenåler og dekkje det med eit fuktig klede.



Så kan det få tørke over natta.

Om morgonen er det berre å sy remsa saman i sidene og lage ein liten overlapp slik som det ofte er på putetrekk. Då slepp du å gjere noko meir, men viss du vil kan du sjølvsagt montere på knappar, hemper, glidelås eller kanskje eit fint knyteband.

Tadaa!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.