onsdag 7. september 2011

nyvunnen balanse

Det er blitt kveld i Oslo. Sjølv om sola framleis gjer sitt beste for å skine gjennom eit tjukt og grått skylag, så er det faktisk leggetid for vesle Elias. Sigrid byssar og lullar for å få veslemann til å sove medan eg sit i stova og nyt fascinasjonen over at det er både sol og torevêr på same tid. Og regn, då. 

Dei siste dagane har vore heilt latterleg dårlege. Det å reise tilbake hit utan å vite kortid eg får sjå han eg er glad i igjen fekk meg til å bli stressa, miste nattesøvnen og tenke massevis av tankar som ingen burde tenke i det heile. Betre vart det ikkje av at eg hadde ein gruppepresentasjon hengande over meg og sørga for angst-tull i tillegg. 

Men no er det overstått! Med ei bekymring mindre kjennest verda brått mykje finare. Til og med heimlengten verkar overkommeleg no som eg har eitt problem mindre. Enn så lenge...

Med min nyvunne fridom (angstmessig akkurat for augneblenken) tok eg turen til Sigrid etter skulen. Vi woka, poppa popcorn, drakk te og åt sjokolade, og hadde det kjempekoseleg trass i at vi begge eigentleg burde gjort meir fornuftige ting. Som til dømes oppgåveskriving. Ehem. 

Uansett, i morgon skal det dissekerast fugl på skulen. Tidlegare i veka vart det laks som sto på programmet, og eg må innrømme at det er ei kjærkomen avveksling frå tradisjonelle forelesningar, trass i at det inntil vidare er på eit svært grunnleggjande nivå. Det blir nok vanskelegare etter kvart, men hurra for praktiske oppgåver!

No skal eg krølle meg saman under dyna på sofaen hjå Sigrid, og gle meg til å bli vekka av ein nyvaken eittåring klokka seks i morgon tidleg. Ha ei fin natt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.