fredag 11. november 2011

å skape ein heim

I det siste har det skjedd mykje på Lid. For det første har Sandra fått sitt eige rom nede i kjellarleilegheita der Thomas og eg held til om nettene, og for det andre har eg flytta skikkeleg inn. Eg har jo stort sett budd der ei lang stund, men no har eg kommodeskuffer til berre mine ting og vi har bestikk som er vårt

Eigentleg skulle eg ned att til Oslo tidleg denne veka, men plutseleg var flyet mitt innstilt, og eg fekk bli med tilbake frå Ørsta med kjøleskåp på tilhengaren og kribling i magen. Tysdag kom sofaen og den nye benkeplata til kjøkenet på plass, og endeleg kjennest leilegheita skikkeleg ut som ein heim der vi bur ilag alle tre. Litt av ungkarspreget er der enno, men det er med på å gje meg ei kjensle av at det er vårt. Ingen har blitt overkøyrde når avgjerdsler har blitt tekne, ingen kjenner seg utafor. 
Og så har vi jo fått ein million sitjeplassar! Dei gamle sofaane tok like stor plass, men hadde berre ein kapasitet på fem personar. 

Vi er ikkje ferdige enno, og eg gler meg som ein unge til å vise fram det endelege resultatet, men uansett synest eg det er viktig at de legg merke til dynamittkassa som vi har pledd i. Den er ein favoritt. 

No eg eg tilbake i Oslosenga mi. Silje og eg åt pasta til kvelds, og eg passa på å ete til eg nesten sprakk, for i morgon skal eg ta mandlane! Det inneber at kveldens nydelege Siljepasta mest truleg blir det siste skikkelege måltidet eg får ete på lenge. 

Eg gler meg, men ønsk meg gjerne lukke til (eller kirurgen, kanskje) likevel. Blir godt å få det unnagjort, men nokon dans på roser forventar eg ikkje

2 kommentarer:

  1. åh, elska sånne gamle kasser!:D Har plana om å dra fram dei gamle dynamittkassene når eg kjem heim eg og faktisk:p
    Håpa det har godt bra med operasjonen! Du har det sikkert ikkje så veldig behagelig no, men det blir nok bedre etterkvart får vi håpe <3

    SvarSlett
  2. Har du meir enn éi? Heldiggris! Eg har idea til litt meir alternative ting å bruke dei til, nemlig. Så viss du trenge tips må du gjerne spørre;)

    Operasjonen gikk veldig greit, og eg va berre småkvalm til litt utpå kvelden i går. I dag e halsen litt verre, men det verste e hittil å få ned det jævla glaset med brusetabletta! Smaka høgg, og det ekje SÅ behagelig å svelge, så eg må jo sitte og nippe til det til eg har fått i meg alt. Sukk.. Jaja, eg skal vel fortsatt få det verre, så eg skakje klage skikkelig enda:p

    SvarSlett

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.