torsdag 24. november 2011

tankedag

Sjølv om genetikkpensum lokkar med si venaste, vakraste røyst er ikkje Mendels lover i stand til å halde meg engasjert særleg lenge om gongen. Eg lurer på om eg berre skal hoppe litt lenger fram i boka for å finne stoff som er litt meir nytt og utfordrande, men erfaringsmessig veit eg at psyken helst ikkje vil samle seg om slikt no. 

Men eg prøver jo. Les side opp og side ned og granskar arv og overkryssing til auga går i kryss. Og når eg oppdagar at den førre sida gjekk bort til fordel for tankevandring og lengsle etter å bli glad att og føle seg nyttig, då legg eg boka til side ei lita stund. Trass i at eg frys fingrane av meg kryp eg fram frå pleddet og går, godt innpakka i Thomas si strikkajakke, ned til geita med brødskalkar og salat. Ho blir i alle fall glad for å sjå meg, og stavrar seg opp på leddgiktbeina sine. Eg klør henne mellom horna og passar på at ho ikkje gomlar i seg plastposen. Ho ensar nok ikkje at eg går att, for brødskivene på graset er mykje viktigare. Dessutan trur eg ho ser ganske dårleg. 

Spegelen på badet lyg ikkje om det slitne trynet mitt. Posar under augene, sa du? 
Når hovudet ikkje vil henge med får ein støtte seg på det materielle. Ein kopp peparmynte-te får varmen tilbake i skrotten og eg let att auga for at oppvasken ikkje er teken. Tviheld på avslappinga og les bloggar som får meg til å ønskje at nokon kunne teke fleire bilete av meg når eg er glad. Slik som eg helst vil vere. Eg skulle så gjerne hatt nokon som kunne fanga dei fine stundene og trykt dei i trynet på meg når eg er slik som no, for no har alt det fine gøymt seg så eg ikkje kan finne det oppe i hovudet mitt. Berre eg finn dei rette nervecellene og får dei til å prate med kvarandre, så kjem det fram att. Trur eg. Håpar eg. 

Heldigvis kjem arbeidskaren min inn til lunsj. Han et Weetos med mjølk medan eg maular ein neve og masar om næringsinnhaldet (som er skikkeleg ugunstig, altså). Sidan eg berre seier slikt på tull ser han på meg og smiler medan han puttar t-skjorta godt nedi stillongsen og reiser seg. Lunsjen er over, men eg får ein god klem, og han stryk med fingertuppane oppå høgtalaren på veg ut. Tørkar du ikkje støv, spør han. Eg må ærleg innrømme at det gjer eg faktisk ikkje.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.