lørdag 31. desember 2011

året 2011 - eit gjensyn


Med Mattias på ryggen ramla eg bokstavleg tala inn i den nye Januarmånaden. Ein månad som skulle vise seg å trekkje meg fleire mil tilbake frå den psykiske tryggleiken som endeleg var opparbeidd. Mellom jobbane på fabrikken og SFO var verda mykje angst og redsle.

Det einaste lyspunktet eg hugsar er ein bergenstur saman med Thomas og Sigvar. Alt var usikkert, og i Februar hadde vi alle eit stort sjokk i vente. Den 11.02.2011 mista vi ein fantastisk gledesspreiar då Øystein valde å ta sitt eige liv.

Det var ei grusomt tung tid, men samstundes fekk eg oppleve eit fantastisk samhald og nestekjærleik så sterk at det er vanskeleg å fatte. Nokre gonger kan det verste i verda få fram det beste i oss. 

Noko snudde i meg då. Eg bestemte meg (rett nok ikkje for første gong) for å nyte den tida eg har. Den nye bloggen vart oppretta 19. Februar, og dei første innlegga osar av positivitet. Thomas og eg var ei hemmeleg greie, og korte stunder i lykkerus kunne halde meg gåande i dagevis. 
Med Mars kom våren. Sigvar og eg planta jordbær og paprika og kepalauk. Dei vakraste kvalpane vart fødde på Taklo, men enno skulle det gå ei stund før eg fekk ta del i gleda der. Eg lengta etter å reise langt av garde. 
Til slutt hadde eg fått nok, og drog først til Oslo der Mattias, Sigrid og Elias venta. Min første loppemarknadsdag var eit faktum, men ikkje nokon suksess. 
Før eg visste ordet av det sat eg i ein park i Paris. April kom seglande med nydeleg vêr og ei kjensle av sjølvstende. Åleine, i Paris!
Heime i Noreg gjekk tida med til fisketurar og kvalpekjærleik. Innan månaden var omme hadde fleire dagar vore varme nok til at soling på terrassen var ein passande aktivitet.
Dessutan må vi ikkje gløyme lamma. Vi må for all del ikkje gløyme dei!
Den første dagen i Mai var eg jordmor for første gong. 
Syster Oda konfirmerte seg.
Og etter kvart var ikkje Thomas og eg så hemmelege lenger. Då han drog på segltur kunne eg sakne han utan å vere utrygg. Vi fekk dessutan Balder. Nydelege Balder. 
I Juni vart verda erobra. Først Bergen og London,
og deretter København. Lillesand, Oslo og Kreta. 


Resten av året kjem i neste innlegg! 





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.