fredag 10. februar 2012

eit liv etter eksamen

Av og til klaffar ting perfekt. Moteuka og eksamen same veka, til dømes. Ikkje det at Moteuka normalt sett har noko som helst å seie for meg, i og med at det er ei bransjegreie, men i år kunne eg altså treffe pappa i byen.

Som ei slags eksamensfeiring traff vi tidlegare og noverande kollegaer, og hadde ein strålande kveld med øl og vin og blåskjelmiddag og litt kaffi og Baileys til slutt. Det var heller ikkje verst å kunne stå opp til ferdigdekka hotellfrukostbuffé før torsdagen starta for alvor. Etter ein tur innom messa (altså Moteuka), der eg fekk sjå mykje av opplegget rundt butikkane sine innkjøp for komande sesongar, drog eg til Operahuset ilag med ein kollega frå fabrikken heime på Eid.

Det var utruleg spennande å få kike på kostymeproduksjonen og gangen frå idé til ferdig produkt. Sidan ulike framsyningar ofte blir sette opp mange gonger og på ulike stader, med nye songarar frå gong til gong, må kostyma kunne tilpassast deretter. I slik kostymeproduksjon er sjølvsagt materialbruken òg heilt annleis enn det eg er van med å sjå.

Og så fekk alle saman lære litt om korleis samarbeid mellom fabrikkane/produksjonane kan gjerast best mogleg. Eg elskar slike uventa små gleder i kvardagen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.