lørdag 21. april 2012

fleire funn i full fart

Trass i at natta var godt i gang då eg la meg i går, var det slett ingen kunst å starte dagen klokka sju i dag. Eg tok meg god tid til frukostinntak og nistelaging, og våga til og med å gjere ein innsats i klesvegen. 

Kjolen er det nyaste tilskotet til garderoba mi, trur eg. På lappen står det "Norlyn au Finland", og i likskap med kåpa er kjolen funnen på loftet heime. Og kåpa er eit kapittel for seg sjølv. Den vart henta ned for om lag seks år sidan, men har berre blitt hengande i påvente av nye knappar og friskt mot frå mi side. I dag bestemte eg endeleg at det var på tide å få den ut i verda. Utan knappar. Dei får kome ein annan dag! Kåpa kjem forresten frå Møre Konfeksjonsfabrikk ein gong på seksti- eller syttitalet.

(Sko frå H&M, veske frå Primark, hårfrisyre frå eit halvt år utan frisør.)


Etter kvart kom eg meg av garde. På Tåsen skole møtte eg Marianne, og starta dagens loppisrunde med eit forsiktig solbrillekjøp.
Det var enno ikkje folk over alt, så for ein gongs skuld gjekk det an å gå nokonlunde fritt og greitt utan press frå alle kantar. Dermed vart vi kjapt ferdige, og turen gjekk vidare til Voksen skole. Der var utvalet overraskande bra, og eg klarte å få med meg to Figgjo Bekkeblom-tallerkar til mamma.
Men det enda ikkje der! Vi sprekingane drog vidare til Lysejordet skole så snart vi følte at vi hadde sett det som var verd å sjå på Voksen. På dette tidspunktet var føtene mine i full gong med å klage si naud, og eg angra bittert på at eg ikkje hadde teke med meg eit par flate sko. Eg er jo heilt ute av trening! 

Lysejordet hadde vi store forventingar til, og trass i at det var seint på dag då vi kom fram, vart vi begge nøgde med utvalet der. Kanskje er det ikkje så vanskeleg å bli positivt overraska når ein ikkje leitar etter heilt spesifikke ting, men noko av det eg likar best er jo å finne slikt som eg hadde gløymt at eg trengde. Slik som bunadsko.
Veldig billige, svært lite brukt, og kjempegode å gå i. Eg ser med glede fram til ein maimånad utan gleppesko! 

Heilt til slutt fekk denne skåla vere med meg heim.

No skal eg ete, kvile, dusje og undre meg over korleis eg skal klare å orke ei runde til i morgon. 

God helg!

1 kommentar:

  1. Du, vi MÅ ikkje på loppis altså! Pengane mine like seg i banken, dei ;) Kan godt tusle en rolig tur eller berer gå på en leikeplass med elias om du vil :)

    SvarSlett

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.