torsdag 13. september 2012

children's department

I dag vakna eg med gangsperre i sånn omtrent alle muskelgrupper (til og med i tungerota!). Kanskje ikkje så rart, i og med at eg i går var på turntrening for fyrste gong på årevis. Åh, som eg saknar det... <3 

Det er berre ei veke att til eg skal avleggje eksamen i ernæringslære, så eg har plassert hovudet mitt der det fungerer best: heime på Eid.


Side etter side med råd om fôring av fisk, sau, geit, svin, ku, hest, fjørfe og kjæledyr. Utrekning av næringsinnhald, energiutnytting, proteinbehov og ein heil haug av andre ting som kjennest litt uoverkomelege akkurat no.

Derfor tok eg meg ei lunsjpause og vart med mamma på Cubus. På generell basis synest eg at shopping er eit ork. Det er dritt å prøve ting, det er kjipt å leite etter ting, og det er heller ikkje kjekt å bruke pengar. Men før eller seinare kjem også eg til eit punkt der eg treng eitkvart. I det siste har eg faktisk skaffa meg tre bukser, sidan eg endeleg klarte å finne ein type som eg likar. SuperFlex!

Uansett, på Cubus fann eg utruleg nok ein BH som eg valde å satse på. Dei hadde 25% avslag på alt undertøy, så det må vel vere verd 135 kroner å teste eit nytt merke. Store storleikar er alltid problematisk, men denne hadde veldig god passform, fire hemper i ryggen og breie, gode stroppar. Bra!

Og så gjekk vi gjennom barneavdelinga på veg ut:
T-shirt, 99,-

Genser med glidelås, 129,- 

Solbleika augevipper og meterlang ettervekst er ikkje akkurat fantastisk, men eg har i alle fall gjort eit par bra kjøp i dag! 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.