lørdag 15. september 2012

øsende, pøsende

Knitring i peisen, stearinlys på bordet og trommande, sildrande, plaskande regn på terrassen. Akkurat slik skal ein haustkveld vere. Det er slike kveldar som skal nyttast til kos og kreativitet. Gode handarbeidsidear kan realiserast og hovudet kan, ved hjelp av ein kabal eller god musikk, tømast for stress og mas.

Eller, ikkje for meg, då. Mellom henting og bringing av familiemedlem har eg nilese i kompendiet mitt. Ikkje pokker om eg kjem gjennom alt. Eg skal gjere mitt beste, så får det gå som det går. Om ei snau veke kan eg kanskje puste letta ut og leggje angsten tilbake under senga for ei stund. Sliten.

Eg prøver å tenke at eg umogleg kan vere heilt på viddene sånn reint fagmessig, men uan-f**kings-sett kjem skuldkjensla skyljande så snart tanken på å kanskje tenke på andre ting ei lita stund dukkar opp. Oldemor fekk eit lite besøk i dag, men det fekk meg til å droppe å gå på fjelltur slik eg hadde planlagd. I staden lurte eg mamma til å ta med seg Balder, og dei kom tilbake i drypande våt tilstand eit par timar seinare.

Men så måtte det ei pause til likevel. Thomas er på Skjåk, Sandra på hyttetur og alle andre eg kjenner på fest. Yeah. Eg sydde saman den nye Mariusgenseren som mamma har strikka til meg.

DET er jo fint.

Ha ein strålande kveld!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.