Heime att etter ei finfin helg!
Sjølv om eg berre hadde to dagar på meg fekk eg tid til å besøke både Christian, Jan-Olav, Geir og Kristian. På laurdag åt eg muffins på kafé ilag med mi kjære Ingeborg, og vi tok ein tur rundtom i butikkane.
Det blei øyredobbar som eg ikkje veit om eg kjem til å bruke, men som fascinerte meg.
Og så blei det serveringsbrett, serviettar og kjøkenhandkle med ugler på. Mykje fargar, for det er fint, og fint er bra. Bryllupsmagasinet fekk eg av pappa i dag på jobb, så det skal eg kose meg med å kike i sjølv om eg ikkje eigentleg treng det (for eg skal jo ikkje gifte meg på ei stund enno, reknar eg med). For det er jo fint å drøyme.
Kva har du gjort i helga?
Fine motiv på serveringsbretta, serviettane og kjøkkenhandklea! Eg likar spesielt serviettane. Psykedelia er fint, og fint er bra, var det ei som sa.
SvarSlettBaltazarBum
Oj! No gløymte eg å skrive kva eg har gjort i helga. Eg håpar du ikkje blei sint på meg! =0
SvarSlettEg har sove vekk halve helga =D
BB