tirsdag 17. januar 2012

eitt blikk tilbake, og så framover

Heime på Eid i jula hadde eg ein gyllen sjanse til å koble skikkeleg av før eksamensinnspurten som eg no er på veg inn i. Då eg endeleg var frisk etter den sjukaste hausten nokon gong fekk vi tid til å spele brettspel, ete julemat, lage peparkakestabbur og gå på aketur.

Det var så mykje fint, og sjølv om romjulsorkanen laga mykje styr og øydela mykje, så elskar eg faktisk at naturen viser seg fram. På godt og vondt.
Som dei fleste veit er det stille både før og etter stormen, og med oppdrettslaks på ville vegar var det på tide å setje ut garnet og håpe på storfangst. Nokre var heldigare enn andre, men vi fekk i alle fall nok til fleire gode middagar.

Fjorden var klårare enn eg nokon gong før har sett, og det er jo ikkje tvil om at slik sikt lokkar! Thomas og eg samla saman det vi greidde av dykkarutstyr. Diverre gjekk det ikkje heilt etter planen, så etter ein kort (og forfriskande) dupp i vinterkaldt vatn måtte vi avbryte før vi eigentleg fekk byrja.

Det er likevel aldri så fælt at det ikkje er godt for noko:
Nyanskaffa (men ikkje ny, vel å merke) skalldrakt og BCD. Brillene er berre til pynt. (Eg veit eg er hot, forresten.)

Så var eg tilbake i skulekvardagen i Oslo, med alt det inneber. Stress, dårleg søvn, mykje pensum å nå gjennom, og ekstreme mengder sakn. Thomas sender meg smakebitar frå livet heime med jamne mellomrom, og det er godt og vondt på same tid. Amaryllisen vår blomstrar, i det minste.
Kvifor den er så skeiv anar eg ikkje. Eg forsøkte å guide den undervegs, men måtte gje tapt då Thomas knakk stilken fordi det gjekk så sakte (han skulle jo berre hjelpe den litt). Derav brunteipen og boka (han måtte jo reparere).

Så, det var mi vesle oppdatering for denne gong. Det blir nok lite frå meg framover mot 9. Februar, men eksamen har altså skulda. Lev vel så lenge!

4 kommentarer:

  1. for en vakker blogg du har:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for det!
      Har lyst til å endre design snart, men det får bli når det blir:)

      Slett
  2. Gode tankar - og lukke til med eksamenslesing og eksamen.

    Kjekt å følge med på bloggen din.

    Varm helsing frå din strikkeglade, og noko fjerne slektning på Sunnmøre.

    SvarSlett

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.