torsdag 19. april 2012

lukke

No for tida er det ingenting som er så fint som å vere heime i Nordfjord. Det er vår i lufta sjølv om snøen framleis gjer eit forsøk på å klamre seg fast, og med ujamne mellomrom sender florlette fnugg ned mot vedhoggande karar. 

Eg skal jo eigentleg halde meg i Oslo, men på torsdag måtte eg berre reise heim, for det passa så bra. Ei lita stemme i bakhovudet meinte at eg kasta vekk både tid og pengar, men då eg kom fram slo det meg at lamminga var godt i gang. Vips, så var alle bekymringar borte! 

Det starta heftig og hektisk med eit keisarsnitt. Ei ny og lærerik oppleving for mitt vedkomande, der eg plutseleg sat med to skjønne lam i fanget og ei livmor i handa medan Ylva snurpa og sydde saman og putta alt tilbake på plass (ikkje lamma, altså, dei fekk bli ute). 

Etter det gjekk det slag i slag. Mellom vanskelege trillingfødslar, hornklipping og mating av flaskelam, kunne eg nyte kaffi, sol og pensum på terrassen.
Det finst ingen stad som kan måle seg med Nordfjord på slike dagar. Små glimt av lukke snik seg inn i kvar einaste dag. Det er uvant og fantastisk, heilt utan sidestykke. Oslo, gå og legg deg!

I morgon blir ein stor og vanskeleg dag, men kanskje får eg vendepunktet eg treng akkurat no. Fingers crossed. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.