fredag 29. juni 2012

sommarlov

Vi feira sankthans på Jønnhalt Gjesteseter, der oldemor Ingrid og oldefar Ragnar sine etterkomarar hadde treff for attande år på rad. Det var mange ungar, herleg mat og gullbryllaup for farmor og farfar.
Dei er framleis eit vakkert par! 

Så starta praksisen min i Åshamar samdrift.
Kyr har aldri vore heilt mi greie (dei er jo ganske store og skumle), og med unnatak av nokre drektigheitsundersøkingar og ei kalving har eg knapt vore i kufjøs i heile mitt liv. Men det går bra no, altså! Mjølkemaskina er grei å ha med å gjere når ein berre veit kva ein må gjere, så det går raskare unna for kvar dag. Snart må eg kunne klare meg åleine, og det er litt nervepirrande. 

Alt i alt er mjølkekyr veldig ålreite dyr.

Vi har hatt nydelege dagar denne veka. Små og store bidreg med hesjing og raking (og mykje bading!), og hundane er i farta frå morgon til kveld.

Eg elskar sommaren!

tirsdag 19. juni 2012

som i en dröm

God morgon, og takk for sist!

Den siste halvdelen av mai susa forbi. Vi var i Otterdal-konfirmasjon (og dermed også på Vestlandsrevyen, for dei som vil sjå) og på slektsstemne, så bunadane fekk køyrt seg grundig.
Bak står Arve (svigerfar) og Thomas. 
Framme: Vegar, Marita, Sissel (svigermor), meg og Sandra.
 Biletet er teke frå Sandra sin blogg. 

Etter det kom eksamensørska og tok meg, så for å få eit nokonlunde presist bilete av kva som hende etter det, må vi kike litt på instagram:
Aller først var Sigrid og eg på miniloppemarknad på Majorstuen. Der fann eg nesten ingenting, men Saga-fatet til venstre fekk bli med meg heim fordi eg vart litt betatt. Og tru det eller ei; då eg var på besøk hjå oldemor nokre dagar seinare, hadde ho to små Saga-fat ståande på nattbordet sitt. Og eg fekk dei! No har eg kanskje fått dilla på serien, men det går heilt fint. Thomas skjønar ikkje greia ...

  
  
Så var eg heime ganske lenge. Sommaren kom til bygda om lag samstundes som eg, og dagane vart brukte på terrassen med bøkene i fanget.

  
Herleg <3


Onsdag kveld tok eg nattbussen tilbake til Oslo. Siste leseinnspurt tok eg på golvet på Byporten, før turen gjekk til eksamenslokalet. Der brukte eg litt meir enn ein time før eg sa meg ferdig og drog heim. Same kveld feira vi sjølvsagt det første studieåret (og at vi berre har FEM att) med ein skikkeleg fest som eg ikkje var heilt med på. 
Kila, ein fin liten Papillon hjå stebroren til mamma. 

Eg passa på å reise av garde før nokon innsåg at eg hadde bursdag, og vakna heller hjå Sigrid dagen etter. 
 
Pannekaker og frukt på senga klokka seks om morgonen. Det er stas! Vi leverte Elias i barnehagen og gjorde nokre ærend før vi sette oss på Halvorsens Konditori med kaffi og kaker. Etterpå drog eg heim og la meg heilt enkelt til å sove. Då eg vakna hadde Silje sine forelde kjøpt roser og laga kjøtkakemiddag, med is og jordbær til dessert. Fantastisk herleg, får'n si. 

Mamma og pappa ville spandere frisørbesøk på meg, så på laurdag tok eg turen til Gevir og fekk ny, økologisk farge som luktar kinesisk urtete. Heilt sant! 

Og så var det tid for å vere nattevakt. Åtte timar i baren på skulen var kjekkare enn forventa, før vi tok farvel og eg reiste for å hente bil på Hamar. Det å reise frå aust til vest i Noreg er ofte som å ta ein tur gjennom fire årstider. Som regel får ein ei regnbyge eller to (eller ti), opptil fleire solgløtt, og oppe på fjellet ligg snøen til langt ut i juli. Då går det fint med dei mange einsame timane på vegen. 

Vel heime vart eg overraska av bursdagskake.
Sandra og Thomas har gjort ein kjempeinnsats for å lage favorittkaka mi! Thomas ville til og med slå til med Gelélok, noko han sjølv ikkje likar i det heile. Diverre stivnar jo ikkje gelé når det blir kombinert med kiwi, så eg fekk eit svare strev med å ikkje le altfor mykje av en gode kjærasten. 

Og i dag er det han sin tur å ha bursdag. 
GRATULERER MED DAGEN, KJÆRE THOMAS<3

Då er vi blitt 22 og 32, og sommaren ligg framfor oss. Snart startar gardspraksisen min, og livet smiler. 

Følg meg gjerne på Instagram. Der heiter eg dagdraum. 

Ha ein fin sommar!

lørdag 12. mai 2012

treigt

Eg er heilt ufatteleg lite kreativ for tida. Det går for det meste i pensumteikningane, som eg sjølv likar ganske godt, men som ikkje eigentleg er så mykje å vise fram. Og så er det den fanakofta som Siggen skal få, då. FY, så lei eg er av den! Unnskuld, Siggen, men den er forferdeleg.
Dette er starten, for nøyaktig to månader sidan. 
Og dette er i dag:
Det går altså så treigt! Litt fordi det er tynt garn og tynne pinnar (og mange masker), men mest fordi eg er så lite motivert. Eg såg så inderleg fram til å byrje på mønsteret oppe, og dit kom eg i forgårs. Gleda vart likevel kortvarig, for på grunn av ein teit tellefeil og klønete fingrar vart eg tvungen til å rekke opp att heile seks runder. Vips, så var all den nyvunne motivasjonen forsvunnen som dugg for sola. No er dette blitt eit må-tvinge-meg-sjølv-til-å-bli-ferdig-før-eg-startar-på-noko-anna-prosjekt. 



torsdag 10. mai 2012

ein liten ven i skogen

I dag møtte eg min første hoggorm (Vipera berus).
Det er ikkje verre enn at eg kan innrømme at eg kvapp ein smule då denne karen (frøkna?) plutseleg låg samankveila ved sidan av eit tre eg skulle felle. Heldigvis er ormar ganske sløve på overskya vårdagar, og sniglar er mykje meir skremmande, så eg fekk tid til å fomle fram telefonkameraet før den vesle kameraten forsvann inn i hola si. 

Etter at alle gjerder var reparerte og uhorveleg mange tre var felte, var vi klare til å ta imot årets sommargjestar. Minst 10 sauer og 20  lam skal få beite på bøane her på Lid, og det blir første gong på fleire år at det går dyr her. Åh, det er så herleg å sjå dei små lamma sprette av garde på sine korte bein! 

mandag 7. mai 2012

hjartesokkar til ein konfirmant

I går var det Tora sin tur til å stå framfor presten. 
I tillegg til den vanlege pengesummen, fekk ho kvite ullsokkar med hjarte på. 
Resten av livet går sin ujamne gang. 

lørdag 21. april 2012

fleire funn i full fart

Trass i at natta var godt i gang då eg la meg i går, var det slett ingen kunst å starte dagen klokka sju i dag. Eg tok meg god tid til frukostinntak og nistelaging, og våga til og med å gjere ein innsats i klesvegen. 

Kjolen er det nyaste tilskotet til garderoba mi, trur eg. På lappen står det "Norlyn au Finland", og i likskap med kåpa er kjolen funnen på loftet heime. Og kåpa er eit kapittel for seg sjølv. Den vart henta ned for om lag seks år sidan, men har berre blitt hengande i påvente av nye knappar og friskt mot frå mi side. I dag bestemte eg endeleg at det var på tide å få den ut i verda. Utan knappar. Dei får kome ein annan dag! Kåpa kjem forresten frå Møre Konfeksjonsfabrikk ein gong på seksti- eller syttitalet.

(Sko frå H&M, veske frå Primark, hårfrisyre frå eit halvt år utan frisør.)


Etter kvart kom eg meg av garde. På Tåsen skole møtte eg Marianne, og starta dagens loppisrunde med eit forsiktig solbrillekjøp.
Det var enno ikkje folk over alt, så for ein gongs skuld gjekk det an å gå nokonlunde fritt og greitt utan press frå alle kantar. Dermed vart vi kjapt ferdige, og turen gjekk vidare til Voksen skole. Der var utvalet overraskande bra, og eg klarte å få med meg to Figgjo Bekkeblom-tallerkar til mamma.
Men det enda ikkje der! Vi sprekingane drog vidare til Lysejordet skole så snart vi følte at vi hadde sett det som var verd å sjå på Voksen. På dette tidspunktet var føtene mine i full gong med å klage si naud, og eg angra bittert på at eg ikkje hadde teke med meg eit par flate sko. Eg er jo heilt ute av trening! 

Lysejordet hadde vi store forventingar til, og trass i at det var seint på dag då vi kom fram, vart vi begge nøgde med utvalet der. Kanskje er det ikkje så vanskeleg å bli positivt overraska når ein ikkje leitar etter heilt spesifikke ting, men noko av det eg likar best er jo å finne slikt som eg hadde gløymt at eg trengde. Slik som bunadsko.
Veldig billige, svært lite brukt, og kjempegode å gå i. Eg ser med glede fram til ein maimånad utan gleppesko! 

Heilt til slutt fekk denne skåla vere med meg heim.

No skal eg ete, kvile, dusje og undre meg over korleis eg skal klare å orke ei runde til i morgon. 

God helg!

fredag 20. april 2012

loppedilla

Dette er heilt sikkert eit teikn på at eg er i ferd med å bli fullstendig ko-ko.
Dei to komande dagane er nemleg dei to største loppemarknadsdagane i heile året (her i Oslo), og for å få mest mogleg ut av tida, har eg merka av alle dei 24 skulane på kartet. Og så har eg hengt kartet opp over senga. Det kjendest eigentleg litt greitt å dekke over statistikknotata frå førre eksamen, men mest av alt føler eg meg teit som brukar mykje tid på å bestemme meg for kva for loppisar eg skal satse på. Jaja, eg får då oversikt, om ikkje anna! 

Dagen i dag hadde mykje på lur til ei trøtt frøken (altså meg). Første forelesning vart droppa til fordel for noko heilt anna kjempeviktig, og det gav meg sjansen til å takke ja til kafélunsj ilag med herlege Sigrid. Etterpå var det tid for dag 2 med hundedisseksjon. Min absolutte undervisningsfavoritt! Det kan kanskje verke litt rart at det skal vere så kjekt å kutte i eit dødt dyr, men ein lærer fantastisk mykje av det. Dessutan gir det ein heilt spesiell type erfaring når ein får sjå og kjenne på noko fysisk, og ein sjølv må leite seg fram til dei rette strukturane i kroppen. Ein lærer med heile seg, i staden for å berre bruke auga, slik ein gjer når ein les ei bok. 

Hundedisseksjonen førte også med seg dagens store skuffelse.
Neeiii! KAMERAET mitt! 
Det dyre, vasstette og påstått støtsikre kompaktkameraet mitt, som har vore ein trufast følgjesvein i snart eit heilt år. Ein skulle tru det var perfekt for meg, som ofte er litt uvøren når det kjem til eigne ting (av ein eller annan grunn er eg stort sett veldig flink med det som tilhøyrer nokon andre). At det skulle gå så lang tid før eg faktisk mista det i bakken er eigentleg litt rart, men i dag hendte det. 

TRE meter skulle det liksom tole, men no ser det altså slik ut, og det datt berre to meter ned! Eg er skuffa, vonbroten og djupt såra, for dette er ein skikkeleg strek i rekninga. No må eg til Japan Photo (som alltid gir skikkeleg bra service, det skal seiast) for å klage, og dei kjem sikkert til å ville reparere eller gje meg eit nytt kamera som er heilt likt. Ikkje at det kostar meg noko, men no veit eg jo at kameraet ikkje toler så mykje som det skal, og då blir det veldig mykje meir irriterande at det er så tregt som det er. For det er skikkeleg tregt, og bileta blir berre sånn passe (når dei ikkje blir heilt elendige fordi utløysaren var for treg, vel å merke). 



Jess, klar for loppemarknad!

torsdag 19. april 2012

lukke

No for tida er det ingenting som er så fint som å vere heime i Nordfjord. Det er vår i lufta sjølv om snøen framleis gjer eit forsøk på å klamre seg fast, og med ujamne mellomrom sender florlette fnugg ned mot vedhoggande karar. 

Eg skal jo eigentleg halde meg i Oslo, men på torsdag måtte eg berre reise heim, for det passa så bra. Ei lita stemme i bakhovudet meinte at eg kasta vekk både tid og pengar, men då eg kom fram slo det meg at lamminga var godt i gang. Vips, så var alle bekymringar borte! 

Det starta heftig og hektisk med eit keisarsnitt. Ei ny og lærerik oppleving for mitt vedkomande, der eg plutseleg sat med to skjønne lam i fanget og ei livmor i handa medan Ylva snurpa og sydde saman og putta alt tilbake på plass (ikkje lamma, altså, dei fekk bli ute). 

Etter det gjekk det slag i slag. Mellom vanskelege trillingfødslar, hornklipping og mating av flaskelam, kunne eg nyte kaffi, sol og pensum på terrassen.
Det finst ingen stad som kan måle seg med Nordfjord på slike dagar. Små glimt av lukke snik seg inn i kvar einaste dag. Det er uvant og fantastisk, heilt utan sidestykke. Oslo, gå og legg deg!

I morgon blir ein stor og vanskeleg dag, men kanskje får eg vendepunktet eg treng akkurat no. Fingers crossed. 

søndag 8. april 2012

påska

Fantastisk stemning heime på Øvrelid. Ser du hunden?

Karl Espen fekk seg 30 meter flytebrygge som måtte inspiserast i skikkeleg ruskevêr. Dei smadra naustdørene gapar framleis som eit minne om julestormen. 
Mille passa godt på at ingen datt i sjøen. 

I skyminga på oskeonsdag var storegrana klar for felling. 
Nydeleg utsikt!
Grana datt perfekt, men då var det blitt for mørkt for det stakkars kameraet mitt. 

På skjærtorsdag var heile familien invitert til påskelunsj på Hotell Alexandra. Morfar og Kirsti arrangerte ein kjempekoseleg dag for alle sine etterkomarar og deira familiar, så vi var ein god gjeng. Morfar har to barn med ektefellar, og ti barnebarn. Av barnebarna var eg den einaste som hadde med partner og (ste)barn, men det vart jo 17 personar likevel. Kirsti og gjengen var til saman 9 stk. Det er kjekt når alle samlast!
Ja, og så fekk vi bade, då. Herleg. 

Fjorårets hyttetur fekk si reprise på langfredag. Det var Jan Håvar, Åge Kristian, Kristen Per og eg, og denne gongen spelte vi politi og røvere heilt til vi var for fulle til å gidde meir. Akkurat som i fjor, var det eg som slukna først, og det var eg som vakna først neste morgon. Fyllesjuk. Veldig fyllesjuk. 

Eg veit at eg burde ha lært det no, men det er så sjeldan eg er med på skikkelege fyllekveldar. Nokre glas går fint, men på eitt eller anna punkt tippar det over, og då går det skikkeleg skeis. I går greidde eg å kave meg tilbake til parkeringsplassen, men resten av dagen gjekk med til å sove og kaste opp. Først i titida om kvelden byrja kroppen å bli grei att, og då angra eg skikkeleg. Eg tapte jo ein heil dag! Æsj ... 

I dag skal vi ete påskelam hjå mamma og pappa. Den siste heimedagen skal nytast.

mandag 2. april 2012

hjort er hjort

Eg rakk ikkje eingong å køyre heim  frå flyplassen på fredag, før det vestlandske dyrelivet kom og trengde seg inn i tilveret (eller omvendt). I form av desse to, såklart:
Det er rart med det, korleis eg aldri nokon gong ser så få dyr som eg gjer når eg er på skulen i Oslo, der eg er for å lære om, ja nettopp, dyr